torsdag 7. april 2011

Felles frukost

Ungane våre er alltid tidleg oppe, det vil seie rundt 06.30 og for eit B-menneske er det ganske tidleg :) I dag nytta eg morgonstunda til å lage istand ein koseleg felles frukost, med nybaka scones, pålegg på fat og juice og melk i fine mugger. Og sidan mannen byrja seint på jobb i dag kunne me sitje rundt bordet heile familien. Det er ikkje ofte det skjer i vekene her hos oss!









Morgonstunder kan bli retteleg gode om ein berre grip fatt i dei. Det prøver eg å minne meg sjølv på når eg står opp og er så trøtt at det einaste eg eigentleg har lyst til er å sove. Merkar likevel at lyset og våren hjelper meg. Alt blir så mykje lettare no på denne tida av året.

Nyt dagen!


Klem fra Kristina

2 kommentarer:

  1. Så koselig med felles frokost midt i uka. Og du imponerer med fersk bakst på morgenen:) Ha en fin dag! Skal straks på seinvakt! Klem

    SvarSlett
  2. Dette så utrolig godt ut, og så koselig dekket bord. Virkelig trivelig å ha juicen i mugge, og ikke i kartong. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...