fredag 29. april 2011

Eg fann eg fann

Eg kan ikkje noko for det men eg har ein tendens til å sjå etter skattar kvar hen eg går, ikkje berre når eg er innom bruktbutikkar og loppemarkander. For ei stund sidan var eg og ungane ein tur nede ved båthamna, kor dei på det tidspunktet haldt på med å grave fram nye båtplassar. Der, blant oppgravd gjørme og sandmasse, var det eg fekk auge på denne stakkars arme båttrappa. Skitten og fæl, og på randen til å bli kassert kom det ei sjel og forbarma seg over den. Askeladd, ja kall meg gjerne det :)
 
 
For sikkerhets skuld spurte eg nokre mannfolk som stod der om dei trudde det var greit eg tok den med meg. Og med tillatelse frå dei drassa eg med meg denne heim. 
 


 
No har den blitt vaska, fått eit strøk kvitmaling og fått plass akkurat der eg såg det for meg då eg fekk auge på den i grøftekanten. Rosa Pelargonia har fått plass på denne nye pidestallen min, som eg er blitt så glad i.
 



Rosa pelargonia, dette er ein av mine favoritt sommar-blomar. Dei kvite stampane/urnene har fått seg eit nytt strøk kvitmaling. Dei var blitt så stygge i fargen og metallbåndet rundt hadde rusta. Maling gjer underverk!
 
 
 
  Det måtte blir eit ute-innlegg frå meg her i dag, for me tilbringer store deler av dagane ute fortida. Det er mykje eg både burde og ville ha gjort inne, men slikt vèr som me har no må berre nytast! Det kjem nok av dagar der ein kan fortsetje med inne-syslar.
 
Håpar du òg har mulighet til å kose deg i finavèret :)
God helg til alle!
 
Klem frå Kristina

13 kommentarer:

  1. Så flott funn! Det ble jo en liten trapp for blomstene. Utrolig flott! Herlige bilder!

    SvarSlett
  2. Sitter og beundrer den fine løperen du er i gang med. Så fint mønster du lager i den. Flotte stoffer også.

    SvarSlett
  3. så flott den blei da :)
    kosleg inngangsparti dåke har.

    God helg til deg og dine!

    SvarSlett
  4. Den ble kjempefin, jeg er helt imponert. Er enig med deg rosa pelergonia er søte.

    Klem

    SvarSlett
  5. Wow, utrolig hva litt hvitmaling kan gjøre ;-) For et funn! Den ble jo kjempefin - og så nydelig med de vakre rosa blomstene. Kjempeflott!
    Flink du!

    Ha en super dag!

    SvarSlett
  6. Sukk, for noen vakre bilder du viser! Hvitt og rosa er alltid like nydelig! Dette var virkelig en skatt ja, og du vil få mye glede av den:) Rosa pellargonia er en av mine favoritter og!

    Ha en fin ny uke,
    klem fra Hanne:)

    SvarSlett
  7. Vakre bilder! Maling gjør virkelig underverker! Klem

    SvarSlett
  8. At det går ann!!!! Den blei jo berre råfin:) Trur eg må på leit etter ei båttrapp eg og';)
    Jammen er du effektiv Kristina, pusser opp det eine etter det andre!

    Ønsker deg ei fortsatt fin veke i det flotte vårværet:)
    Klem fra Torill

    SvarSlett
  9. Så stilig! Utrolig morsomt når man finner noe så fint, også er det så fint at det er gratis. Nå var du heldig! Klem fra Sigrid :)

    SvarSlett
  10. Så fin bloggen blei no, Kristina! :-D

    SvarSlett
  11. For en skjønn blogg du har, den skal jeg følge videre!
    Kjekt at du ville være med på giveawayen min:)

    Klem

    SvarSlett
  12. Skal sei du har auga for skattar!;) Nydelig inngangsparti=) Gratulerer så mykje med dagen i huset! Håpar ho og resten har hatt ein fantastisk dag!:)

    Ynskjer deg ei nydelig helg!:o)

    SvarSlett
  13. Takk for koseleg kommentar :)
    17.mai har vore heilt topp. Håpar den har det sjå dykk òg.
    Den trappa blei jo kjempe fin! Likte trillebåra di òg. Her må eg sjå litt videre ser eg. Blogges :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...