onsdag 13. april 2011

Årets fyrste...

Kvitveis

I dag har eg og minsteguten vore ein tur i skogen og det var verkeleg ein skjønn tur. Vårsola sto høgt på himmelen, fuglane kvitra og søte kvitveisar var på full veg fram.

Me plukka med oss vårens fyrste bukett med kvitveisar.

 
 

 Tok også nokre bilder av omgjevnadane i turløypa me gjekk. Eg sa skogen ja, men i denne flotte turløypa (Hystadmarkjo) får ein både skog, strand, sjø og fjell. 

 Fjord og fjell
Merkar eg har fått smaken på fotografering og har veldig lyst å lære meir om det. Eit speilrefelkskamera står høgt på ønskelista. Foreløpig må eg ta til takke med eit 7 år gamalt kompakt digitalkamera. De får bære over med det ei stund til ;)


Det er herleg å vere ute i det fri, kjenne at kroppen fungerer, høyre på alle dei fine lydane og ikkje minst, sjå på alt det vakre.


Eg er glad i interiør og det å skape ein koseleg heim, men ingenting kan måle seg med det vakre skaparverket ute i naturen.



Fjord og fjell, her er mitt hjarte heime.


Kvitveisane har no fått plass på Annemorskommoden min på kjøkkenet.



Håpar du har ein god dag du òg :)

Klem fra Kristina♥

5 kommentarer:

  1. Åh, så nydelig dette var. Hvitveis vokser dessverre ikke villt her nord. Så flott med teppet av hvitveis i skogen. Skjønt inne også i glasset med blonden på. Flotte foto!

    SvarSlett
  2. kjempefine bilder!! endelig vår

    SvarSlett
  3. Veldig kjekt at også anonyme vil kommentere på bloggen min :) Tusen takk! Hadde vore veldig kjekt om de skreiv eit lite navn under så veit eg kven de er?! Kjekt å sjå om det er dei samme personane som kjem igjen :) Syns det er kjempekjekt at eg kan vere med å inspirere folk! Klem Kristina ♥

    SvarSlett
  4. Fantastisk! Ja nå er det absolutt vår! Her har storebror vært sjuk siden natt til igår. Høy feber, hoste og oppkast! Utrolig kjedelig for han og for meg, for nå vil vi ut! Ha en fin kveld:) Klem

    SvarSlett
  5. Nydeleg, Kristina. Våren er rett og slett heilt skjønn, den er til for å nytast. Håpe dåke har da bra. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...