onsdag 30. mars 2011

Tavle før/etter

Denne tavla overtok eg frå mi kjære søster Synnøve for ei stund sidan. Synnøve har bursdag akkurat i dag og eg vil nytte høve til å gratulere deg så veldig mykje med 24 års dagen, kjære søsto mi!! Du inspirerer meg og eg blir glad av å vere ilag med deg. Takk for at du er den du er! Kjempe glad i deg ! Håper det er like strålande ver i Bergen som det er her i dag!

Tilbake til tavla som har stått i kjellaren i vel og godt eit år (ja ting kan avogtil ta veldig lang tid her i huset). Ettersom eg har vore i malemodus i det siste har denne tavla også fått seg ein makeover. Slik såg den ut før:





Med kvitmaling og ny kappe har den blitt som ny. har lenge tenkt at det kunne vore koseleg med ei tavle på kjøkkenet vårt. Her kan me skrive alt i frå handleliste til vers og fine ord.







Stoffet er eit tilda stoff eg kjøpte då eg var i Bergen i helga. Eg plar ofte bestille varer frå Panduro via nettet, men eg syns det er litt vanskeleg med stoff. På Åsane senter hadde dei ein stor flott Panduro butikk, verkeleg til å anbefale for deg som handlar der avogtil.






Nei no er det slutt på morroa, her må det ryddast og vaskast medan vesleguten søv.

Ha ein alletiders onsdag ♥

Klem frå Kristina

5 kommentarer:

  1. Såå fin denne tavla blei, kven skulle tru det, hehe. Du e jammen kreativ!!! <3

    SvarSlett
  2. Tusen takk kjære storesøster, og takk for koseleg besøk i helga! Tavla blei jo kjempefin den! Bra at du overtok og fresha den opp!:)

    SvarSlett
  3. Heisann! :-)
    Jeg sendte deg en mail for noen dager siden, har du fått den? :-)

    SvarSlett
  4. Wow! så fin den blei! Så fint med da stoffet. :) Som Synnøve sa, bra den havna hos deg og fekk ein "bli ny dag". ;)

    SvarSlett
  5. Wow! så fin den blei! Så fint med da stoffet. :) Som Synnøve sa, bra den havna hos deg og fekk ein "bli ny dag". ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...