fredag 11. mars 2011

NIB-medlem og lampeskjerm

På tide med eit innlegg her i frå Nordbygdo. Denne veka har eg gjort massevis av kjedelege men nødvendige ting. Lite som egnar seg til blogginnlegg kan du seie. Rydding og pakking av klær som skal sendast til Ukraina, meir rydding, kjedeleg papirarbeid... ja eg treng ikkje nemne meir. Men no ser det ut til at eg skal få tid til litt meir spanande og kreative sysler igjen. Herleg.

Eg er no blitt stolt medlem av NIB (norske interiørbloggere)! Det er eg glad for. Bloggen min er blitt plasert under "hverdagsblogger" på NIB si bloggside, og det trur eg passar bra for min blogg. Ser at nokon av dåke har NIB på blogglista dåkas, korleis får eg det til? Eg finn ikkje noko google-kontaktnettverk eller følg-knapp på bloggen deira? Nokon som kan hjelpe? Greit å halde seg oppdatert om kva som skjer der :)

Medlem av:

I eit av mine fyrste blogginnlegg viste eg dåke to lampar eg hadde kjøpt på gjenbruk. Den raude har no fått ny lampeskjerm. Slik såg lampen ut før:


Eg tok av stoffet på lampeskjermen ved å klyppe opp strikken som var festa oppe og nede. Heldigvis var den ikkje formsydd, berre eit heilt enkelt kvadrat med sømrom oppe og nede. Dermed kunne eg enkelt bruke det gamle stoffet til mal for å sy ein ny. Med ei sløyfe rundt vart lampen sjåande slik ut:



Koseleg gamaldags brytar vert passa på av ei lita bamsemus:




Dermed har rommet til prinsessa vår fått ein touch av raudt innimellom alt det rosa. Kan hende eg vil male lampefoten kvit om ei stund, men foreløpig skal den få vere raud. Skadar ikkje med litt farge på eit barnerom syns eg.


Veggbildet over senga er sydd av ei gamal t-skjorte. Du kan lese meir om det her.

I dag har me hatt bakedag her i heimen. Meir om det kjem seinare i kveld.
Ha det fint så lenge!

Kristina

4 kommentarer:

  1. Så fin den blei:) Kjekt å pusse opp gamle lampar, ikkje er det vanskelig heller:)

    ønsker deg ei superfin helg♥
    Klem fra Torill♥

    SvarSlett
  2. Hei!
    -Og takk for koslege helsingar på bloggen min! :)På Utforming kan du redigere blogglista, og då trykke manuelt inn nett adressa -TRUR eg! :)
    GOD HELG !! :D

    SvarSlett
  3. Nydeleg lampeskjerm. Du er veldig flink. :) Ønske deg ei kjempeflott helg, Kristina.

    SvarSlett
  4. Så flink du er!
    Kjempekoselig lampe.
    Passa bra med litt raudt innimellom på rommet :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...