onsdag 23. mars 2011

Me lagar blyanthaldarar

I ettermiddag har eg og ungane vore litt kreative ilag. Det har ikkje blitt så mykje av det etter at minsteguten kom til verda. Ettermiddagane går ofte med til middagslaging, rydding etter middag og vips så er det leggetid. Men i dag har me altså klart å utnytta tida godt. Ungane storkosa seg med aktiviteten. Tilogmed toåringen vår syntes dette var gøy. Desse skjønne, små, konsentrerte barnehendene - vakkert syn.








Blikkboksar, det kan brukast til så mangt. Eg har tatt vare på boksar i litt ulike storleikar og malt dei i pastellfargane rosa, grønn og blå. Eg hadde liggande nokre finèr figurar frå Tilda som eg kjøpte for mange år sidan. Endeleg skulle desse få bli brukt. Her kan ein sjølvsagt dekorere med alt mogleg anna, berre fantasien som set begrensning.







Kva syns du? Fine?







Desse skal få plass på skrivepulten til skulejenta vår, som eg fortsatt har litt igjen å fikse på før eg kan vise her.

Klem frå Kristina

7 kommentarer:

  1. Så fine dei blei!!! Kjekt med såntsom dei små og kan vera med på:) Trur kanskje det blir nokre blyantholdere på oss og;)

    Og stolane dine....knallfine!!! Lekker farge!♥

    Ønsker deg ei god natt, gleder meg til å sjå skrivepulten:)

    Klem fra Torill♥

    SvarSlett
  2. så fine blyantholdere .... og kjekt når de har vært med å laga sjøl
    klem

    SvarSlett
  3. Så flink du e Kristina, så flink du er til å få tid til å gjera noko kreativt ilag med ungane :D

    Blyantholdarane blei kjempe stilige, eg kan tenka meg at stora-jento våras er fornøyd med dei fine blyantholdarane :)

    KLem frå Brodern

    SvarSlett
  4. De var aldeles skjønne! En super idè! Mulig jeg "låner den... Ha en fin kveld! Klem

    SvarSlett
  5. utruleg søte dei vart!!! Morro å lage så fine ting av ting ein har fra før!

    SvarSlett
  6. Åå, så fine dei blei! Alltid kjekt å gjera noko kreativt! :) God helg ♥

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...