tirsdag 29. mars 2011

Lappeteppe av gamle tekstilar

I dag har eg sydd ferdig eit lappeteppe eg byrja på for nokre veker sidan. No er det gutterommet som skal prioriterast og første prosjekt er i hamn. Teppet skal få tene som sengeteppe/koseteppe til ein av gutane. Tekstilane eg har brukt stammar frå ulike putevar, dynetrekk og ei skjorte etter mannen. Det gråprikkete er eit tilda-stoff. Har valgt duse fargar i blå- og gråtonar. Likar godt desse fargane.



Syprosjekt og solskinn på kjøkkenbordet, herleg!








Syns desse stoffa passa fint ilag, men eg må innrømme eg ikkje er heilt nøgd med resultatet. Stoffrutene treff ikkje så godt alle stadane og resultatet ser litt slurvete ut. Eg jobbar med meg sjølv når det gjeld dette å bli meir nøyaktig. Eg er av typen som har mange ideàr og likar når ting blir fort ferdig. Ajaj, her må eg skjerpe meg. Betre med eit prosjekt som er fint gjort enn 10 halvgjorte.

Likevel tør eg vise det her ?! :) Ja eg er ingen perfeksjonist! Sjølv om ikkje resultatet vart optimalt gir eg meg ikkje med å sy alikevel. Øving gjer som kjent meister! Kanskje vart du også inspirert til å sy noko fint av gamle tekstilar?



Ha ein kjempefin tirsdag allesaman

Klem frå Kristina

4 kommentarer:

  1. Da blei kjempefint Kristina!
    Eg syns resultatet blei veldig bra :)
    Veldig fine farga som passa godt ilag!

    SvarSlett
  2. Nydleg teppe!
    Eg likte det kjempe godt, og syns dei forskjellige stoff-mønstra står fint i lag med kvarandre.
    Du er flink!!

    Klem Miriam

    SvarSlett
  3. kjempefint teppe - kan ikke se noen skjevheter jeg....
    prøvde meg på et for litt siden men ga opp - INGEN av rutene stemte ..... holder meg til hekling og strikking jeg
    Ha en fin onsdag

    SvarSlett
  4. Blir så imponert over kreative sjeler! *smil*

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...