fredag 11. mars 2011

Bakedag!

I dag har me hatt bakedag her i Nordbygdo. Ungane fekk på seg forkle og hjalp til med stor iver (så mykje hjelp er det vel eigentleg ikkje, men koseleg det er det). Me starta med å lage ein stor porsjon grove rundstykker. Ungane er veldig glad i desse rundstykka og eg sørger for å alltid ha eit lite lager i frysaren. Gode heimelaga rundstykker med godt pålegg til er fint å servere både til lunch- og ettermiddagsbesøk. Og så gjer det så godt for eit morshjarta å vite at ungane (og oss vaksne for den del) får i seg noko sunt!








Denne oppskrifta er eigenkomponert. Syns dei blir saftige og gode. Eg har oppgitt oppskrifta heilt nederst i innlegget dersom nokon skulle vere interisert.



Me måtte lage noko av det søte slaget også, sidan det er fredag og altting :) No får kanskje nokon inntrykk av at eg er supersunn og berre held meg til søtsaker når det er helg. Ja eg skulle ønske det, men eg har min daglege kamp mot sjokoladen i skapet eg og :)



Muffins med melis, nam nam






Dei små søte muffinsformene er i frå RICE. Jento vår hadde besøk av ei veninne i dag og skal sei det var stas med desse skjønne små muffinsane. Det vart i grunn ei koseleg ettermiddagsstund for heile familien, med muffins, kaffi og nøgde ungar. Og helga har me i vente, det er herleg å tenke på.



Grove rundstykker (ca.50 stk)

3 dl sammalt kveitemjøl, grovmalt
3 dl rugmjøl, finmalt
5 dl grovbakstmjøl
ca.14 dl kveitemjøl
2 pk tørrgjær
2 ts salt 
1/2 dl linfrø
1/2 dl solsikkefrø

4 dl melk
6 dl vatn
1 dl olje (f.eks rapsolje eller anna matolje)

Bland alt det tørre i ein bolle, men spar ca 5 dl av kveitemjølet. Dette sper du på etter at det våte er tilsett (ein bør helst bruke kjøkkenmaskin til ei så stor oppskrift). Varm opp vatn, melk og olje i ein kjele til ca.38 grader. Bland med det tørre. Ha resten av kveitemjølet i litt etter litt. Elt i ca 10 min.

Eg pleier å la deigen heve i ca. 1/2 time før eg trillar dei ut, og minst 3/4 time etter. Mi erfaring er at etterhevinga er viktigast for eit bra resultat.

Eit lite tips for å få ei gyllen og fin overflate på rundstykka er å spraye dei med vatn før steiking og pensle med melk etter steiking (medan dei endo er rykande varme).

Steik midt i omnen på 225 grader i ca- 11-12 min (til dei er gyldne i fargen). 

Lukka til :)

Ønsker alle som er innom ei god helg!

Kristina

6 kommentarer:

  1. Så deilig bakverk, både kaker og rundstykker. :) Fine kopper og fat du har. :)

    SvarSlett
  2. O'boy!!!
    Dette såg ikkje lite fristande ut heller ;)
    Rundstykka såg berre heilt perfekte ut :D

    Nyt helga!
    Klem Miriam

    SvarSlett
  3. Hei! Så skikkelig godt ut! Hjertelig velkommen som følger av min blogg! Legger meg til her jeg også! Mvh Kristin

    SvarSlett
  4. Åå, du er flink kristina!
    Får lyst til å baka no når eg leste dette innlegget!
    God helg :)

    SvarSlett
  5. Kjære Kristina! Når eg les om bakegleden din hugsar eg så godt den gongen du kom på trappa med
    ei bolle med gjærdeig til oss for dåke skulle reise. Og du fekk ikkje tid til å gjera dette ferdig. Om det var boller eller rundstykker hugser eg ikkje. Men gode var dei i alle fall:)

    Klem var Elin

    SvarSlett
  6. Hei Kristina!

    Bloggen din har fanget vår oppmerksomhet på grunn av kvaliteten av oppskriftene. Vi ville bli glade hvis du ønsker å bli med i Alleoppskrifter.no, slik at vi kunne koble til den.

    Alleoppskrifter er en søkemotor som samler de beste norske matlaging nettsteder og blogger fra Internett. Flere hundre blogger er allerede registrert her og dra nytte av den trafikken vi sender til sine nettsteder.

    For å bli med Alleoppskrifter, bare gå til http://www.alleoppskrifter.no/ga-med-i-matbloggtoppen

    Ha en fin dag!

    Vennlig hilsen,
    Elin
    Alleoppskrifter.no

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...