onsdag 16. mars 2011

AWARD og spraymåla småting

Eg har vore så heldig å få min første AWARD! Det er bloggen SNIKKERBUO som har vore så kjekke og gitt meg den. Tusen takk, det vart eg veldig glad for Har du ikkje vore innom denne bloggen før vil eg anbefale deg å gjere det, dei har også GIVEAWAY gåande i desse dagar! 

Eg vil gje denne awarden vidare til fem andre bloggar eg likar veldig godt og som eg syns fortjener litt oppmerksomhet. Desse bloggane inspirerer meg på ulike måtar, felles for dei er at dei lokkar fram det kreative og det positive i meg. Tusen takk skal dåke fem ha for at dåke deler heimane og liva dykkar med meg Besøk bloggane deiras ved å trykke på bloggnavnet. Bloggane står plassert i tilfeldig rekkefølge.


Det er mange andre bloggar eg kunne tatt med i denne lista, det finnes jo så utruleg mange flotte bloggar rundt omkring.


Quick Spraymaling er genialt! I dag har eg dusja nokre småting med kvitmaling og resultatet viser eg her. Slik såg dei ut før:



Spraymaling er malinga for dei utålmodige. Det går raskt å utføre og det tørkar raskt. Minuset er at det lett kan bli litt ujamnt. Her må det litt øving til for å få bra resultat. Ein må også passe seg for at ein ikkje innånder malinga når ein held på. Det beste er å gjere det utandørs. Her ser de korleis det vart:







Den vesle mugga kjøpte eg på eit loppemarked som ungdomsskulen i bygdo arrangerte i fjor haust. Tenkte på markblomar då eg såg den, perfekt størrelse! Det er kanskje ikkje meir enn 2-3 veker før eg kan sette årets første kvitveisar i den! Åh kor eg gledar meg :)





Skjenken er også eit bruktfunn. Den var eikefarga då eg kjøpte den, men med litt (les: mykje, 5 strøk) kvitmaling er den blitt eit fint møbel i stova vår.


Til slutt vil eg ønska alle ein god og fin dag vidare.
-Grip dagen og moglegheitane den gir

Klem fra Kristina



9 kommentarer:

  1. Grattis med award!!! Vel fortjent! Spraymaling er gull- kan forvandle gråstein til.. nettopp gull! Ha en fin dag:)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for fin utmerkelse! Så nydelig skjenk! Et smykke i stua. Likte så godt serviettholderen også, fin makeover!

    SvarSlett
  3. Kjekt når tingene blir nye med litt spraymaling. Jeg bruker det mye - og har funnet ut at mange tynne lag (4-5) er best ...
    Flott skap du har - store jenta mi har noe lignende som kleseskap. Hun har begynt å klage over at det er for lite, så når hun får seg et større, havner skapet i stua, ja
    Ha en fin uke videre

    SvarSlett
  4. Tusen takk for Award!! Kjempe koselig!
    Spray-maling er topp!! UTE! :D

    Og eg likar skjenken din!!!!!! :D

    Ha ein fin kveld :D
    Klem Miriam

    SvarSlett
  5. Så flott den skjenken var!:) Og spraymåling er heilt fantastisk. Tinga dine vart kjempefine! Me like;) Og tuuusen takk for award, det varmer:)
    Ha ein fin kveld!
    Klem:)

    SvarSlett
  6. For en fantastisk flott skjenk! Hadde en lignende med solgte den og etterpå angrer jeg som bare det! Håper jeg finner meg en ny en på finn eller på et loppemarket.. :) Snublet plutselig innom bloggen din jeg, så legger meg til som følger.. :)

    Klem

    SvarSlett
  7. Tusen takk for hyggelege kommentarar :) Det set eg stor pris på. Og ja, det er nok rett som Sidsel seier, mange og tynne lag gir best resultat (men så var det den tålmodigheita då ;) Klem Kristina

    SvarSlett
  8. Utrulig fint altså! :) Flinke du e. Spraymaling e så genialt.

    SvarSlett
  9. Nydelig resultat! Du er så flink! <3

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...