onsdag 23. mars 2011

Apropo loppestolar

Når det gjeld stolane eg kjøpte på loppemarknaden på laurdag så vart det altså den raude/beige som måtte til pers. Den har eg no måla i den same lyseblå fargen som eg viste i forrige innlegg. Denne blåfargen som har eit skjær av grønt i seg fekk eg av søstera mi som har måla kjøkkeninnreiinga si med den. Ho har verkeleg sansen for fargar. Skal besøke henne i helga, trur eg må spørje om å få ta nokre bilder av den fine leilegheita hennar og vise dei her. Det var nokon som lurte på kva fargen heiter etter forrige innlegg og eg skriv det likegodt her, itilfelle andre er interisert. Har berre eit kodenavn og det er: S0510-B10G, LADY.

No har stolen fått nytt liv her på kjøkkenet vårt. For berre 20 kr vart den altså min. Eg elskar desse sarte pastellane. Dei gir meg energi og glede.


 ♥






Ein liten krakk som før var kvit har også fått same farge. No er krakken og den nye stolen min plassert på kvarsi side av den gamle arvekommoden min. Lyseblått, kvitt og brunt. Desse fargane er heilt meg.






Den lilla stolen har fått plass ved jenta vår sin skrivepult. Ho er skulejente til hausten så her har eg eit lite prosjekt gåande fortida. Meir om det i neste innlegg.

Ha ein finfin onsdag allesaman.
Klem frå Kristina

5 kommentarer:

  1. Helt nydelig farge! Ja kanskje vi må får til et treff på vikjo. Verden er ikke så stor viser det seg:) Ha en fin dag!!! Klem

    SvarSlett
  2. Så fint det blei!!
    Eg hadde gjort som deg, mala den røde, sjølv om eg trudde du kom til å "spare" den!

    Kjempe fint, Kristina!
    Klem, Miriam

    SvarSlett
  3. Stolen ble kjempe fin! Selv om jeg og må innrømme jeg trodde du skulle "spare" den røde.. Bra du ikke gjorde det, for den var mye finere no! ;)

    Klem

    SvarSlett
  4. Utruleg fine fargar på stolane. Pastell er veldig fint. Tenkt at ho snart er skulejente, tida går vanvittig fort. :)

    SvarSlett
  5. Eg visste du ville spara den lilla! Glad du gjor da, for eg likte den bedre enn den røde. :) Den blei knallfin i den fargen! Og du er hvertfall ikkje på latsida.. 1 2 3 og vips! så er det gjort. ;)

    Hels masse til Synnøve! Skulle likt å vært der med dåke. ♥

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...