fredag 25. februar 2011

Muscari

Fredag er ein herleg dag. Akkurat som med advent, det beste er i vente. Etter at me fekk gjort unna helgereingjeringa i går pynta eg med litt muscariblomar, eller perleblomar om du vil, rundt om i huset. Eg kjøpte ei mellomstol potte med desse skjønne løkblomane og fordelte dei i ulike vasar, mugger og krukker. Ja faktisk blei det nok til å fylle  heile 6 stk!

Nokre av dei fekk henge på ein krok på vegghylla i stova vår...







Nydelege desse blå perleblomane syns eg. Minnar om at våren snart er her. Når dei er avblomstra vil eg ta var på løkane, la dei ligge tørt i kjellaren og plante dei ut til hausten.

Nokre bilder frå hjørnehylla i stova vår. Som de ser har eg fått dilla på å knyte blonder rundt forskjellige norgesglas og andre krukker.










Når eg kjøper eller får blomar i gåve får dei ofte plass på denne kvite kommoden me har på kjøkkenet vårt. Den har me arva frå tante Annemor, som no desverre er død. Den er blitt ein av mine favorittmøblar. Me arva ein heil del andre skattar òg frå henne som eg kjem til å vise dåke etterkvart.








Tilslutt vil eg ynskja alle lesarar ei god helg. Og hugs på dette at:
Den største gleda du kan ha, er å gjere andre gla` :)

Klem fra Kristina


7 kommentarer:

  1. Hei Kristina. Så fint det blei. Det er så kjekt med blomar, dine var eit teikn på snart vår. :) Fine bilder. Korleis får du til å laga dei sånn tåkete? Og korleis fekk du fram det litle hjartet? Kjempegod helg te deg og familien din. :)

    SvarSlett
  2. Du kan da å gjer da fint rundt deg. Nydelig. :) Den dagen eg skal innreda eit hus/leilighet, så kan du gjerne få komma å ordna den. ;)
    GOD HELG mi kjære søster. Kosa deg med familien din. Eg skal kosa meg med familien vår. ;) Glede meg skikkelig til de komme. Blir koselig. :)

    Glad i deg! ♥ Klem fra Helene

    SvarSlett
  3. Hei:) Tusen takk til begge to for koselege kommentarar, det varmar ♥ Til deg Mita: Eg får fram hjerta med å trykke alt og deretter 3 Det går berre på 3 tallet som ligg til høgre for enter. Eg får det ikkje til på min bærbare der eg ikkje har så stort tastatur. Då går det an å kopiere inn. Angåande bildene bruker eg eit bilderedigeringsprogram som heiter picasa, det gjer kanskje du òg? Viss ikkje så vil eg anbefale det, gratis å laste opp. Her lastar eg bildet vidare opp i picnik, eit meir avansert redigeringsprogram og her får eg denne duse effekten på bildene. Litt komplisert å forklare, berre å prøve seg fram.

    SvarSlett
  4. Hei på deg! -Og takk for koseleg helsing :)
    Du har rett! -Eg har gått i klasse meg Synnøve. Og når me rekna år- så er det 100 år sida.. Huff, me begynner å bli gamle :P

    Kjempe koselig blogg du har!! My cup of tea!
    Ha ei nydeleg helg vidare, Kristina! :D

    Klem

    SvarSlett
  5. Hei Miriam og velkommen til meg :) Kjempekoseleg at du vil følge meg. Ja det er nesten skummelt kor fort tioda går. Syns ikkje det er lenge sida eg sjøl gjekk på barneskulen og no skal jento mi snart begynna :P Det gjeld å ta vare på dagane :)

    Ha ein fin søndag vidare.

    Klem Kristina

    SvarSlett
  6. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  7. Takk Kristina. Blei så nyskjerrig, hehe. Eg har og diverse redigeringsprogram, men e ikkje så flink te å bruka dei...hehe. Eg trudde kanskje ein kunne ordne bilder her inne på bloggen, men då kan ein altså ikkje det...Va jaffal veldig fint! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...