tirsdag 22. februar 2011

Litt i fra kjøkkenbenken

I dag har zaloflaska mi fått seg nye kle :) Reiv bort det gule zaloemblemet og limte på ein bit med kvit voksduk istaden. For at ingen skal ta feil av innhaldet i flaska skreiv eg zalo på eit kvitt klistremerke og limte det på. Pynta med papirblomar (så får me sjå kor lenge dei held seg fine). Brått var det ikkje så ille å ha zaloflaska ståande framme på kjøkkenbenken. Eg må ha den lett tilgjengeleg for den er ofte i bruk her i huset :)


Når flaska er tom fyller eg på fra ei større som eg har ståande i skapet. Nokre butikkar sel berre dei store zaloflaskene. Eg syns dei minste er mest hendige og kjekke.


Oppvaskkosten er satt i eit norgesglas oppå eit loppis-tefat. Denne ideèn fekk eg i eit interiørblad for ei stund sidan. Dette syns eg er både dekorativt og ikkje minst veldig praktisk.




Tilslutt eit bilde av den ryddige delen av kjøkkenet mitt her i dag. Vil ynskje alle som er innom ein herleg tirsdag. Klem Kristina




5 kommentarer:

  1. Du e jammen meg fix! Tenk, eg blir fortsatt overraska øve alt du kan forandra til å bli fint eller stilig. Gøy å sjå! ;)

    SvarSlett
  2. så kosleg blogg, og ein flott heim dåke har fått her i vinkelen! :)

    SvarSlett
  3. Hei Kristina☺

    Så kreativt! Kjekt når ting som alltid står frammme får ein litt kjekkare look☺
    Norgesglas er det beste som fins....har vore på Gjenbruk og funne meg 2 nye i dag☺

    Kjekt å følga bloggen din Kristina♥
    Få litt tips og idear er alltid kjekt...

    Klem fra Torill♥

    SvarSlett
  4. hei, og takk for koselig hilsen på bloggen min.
    Jeg heller zaloen opp i en pumpeflaske av stål - den seg nøytral ut - og det er enkelt å dosere rett. Særlig om ungene skal vaske hendene. Ser etter en litt søtere variant, men ikke lett å finne ....

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...