onsdag 16. februar 2011

Bruktfunn til barneromma

Eg er jamleg innom den lokale bruktbutikken her eg bur, men det er ganske ofte eg kjem tomhendt ut derifrå. Forrige gong eg var der fant eg derimot litt forskjellig. To lampefotar, ein rød og ein lyseblå, som eg trur vil bli fine med nye lampeskjermar. Nokre tekstilar (gamle sengesett) vart også med meg heim den dagen. Her i huset har me foreløpig berre tre soverom. Det er eit foreldresoverom, eit jenterom og eit gutterom. Planen er at vesleguten vår skal dele rom med broren sin når den tida kjem at han ikkje skal sove med oss lenger. Storesøster er litt misunneleg over dette, ho òg ville så gjerne hatt nokon å dele rom med...slik kan det også vere...



Desse lyseblå detaljane skal inn på gutterommet. Med ein ny lampeskjerm trur eg lampen vil bli søt. Dei gamle putetrekka tenker eg å sy noko av. Kanskje eit sengeteppe, nokre puter eller ein tildafigur? Me får sjå. Ideane er mange men det er neimen ikkje alt som blir realisert.




På jenterommet er veggane heilt kvite og fram til no har fargen rosa prega interiøret i rommet. Eg har planar om å snike inn litt røde detaljar og tenkte derfor denne lampen ville bli fin på nattbordet til prinsessa vår. Heldigvis er ho lett å overtale så eg trur ikkje det skal bli noko problem. Litt rosa skal sjølvsagt få bli. Det blomstrete sengesettet kjøpte eg på ein Fretex-butikk i Bergen for ei stund sidan.

5 kommentarer:

  1. Heisan :)
    Velkommen til "Blogglandia" ! Koselig med nye bloggere :)
    Grattis med skattene dine fra bruktbutikken! Gleder meg til å se de med nye lampeskjermer, og ikke minst til å følge bloggen din fremover ;)
    Veldig koselig om du har lyst å titte innom bloggen min en gang :)
    Klem fra Lise

    SvarSlett
  2. Hei Kristina♥

    Så kjekt at du har fått deg blogg!!! Eg har som deg lenge berre kikka rundt hos andre før eg våga ta steget og lage min eigen blogg....litt skummelt men veldig spennande!
    Du har allerede fått ein veldig koselig blogg.
    Har lagt meg til som følger og gleder meg til å følga deg vidare♥ Kjekt at du vil følga bloggen min og:)

    Ønsker deg ein fin kveld♥

    Klem fra Torill♥

    SvarSlett
  3. Dette var jo kjempekjekt! Velkommen til dåke begge to:) Ja det kjennest litt skummelt å ta steget ut i blogglandia. Det er så mykje eg ikkje kan endo, men håpar det kjem med tida. Akkurat no strevar eg med å få fram blogglista mi på bloggen min. Nokon som kan hjelpe?
    Klem Kristina

    SvarSlett
  4. No fekk eg det endeleg til. Var jo egentleg ikkje noko avansert :)

    SvarSlett
  5. Hei! Så koselig blogg og fine bruktfunn!!
    Hugsar du meg? Eg var fysioterapiturnus på stord for 7 år sidan, gikk på laget sammen med dikka (samtidig som Ann-Elin, Beatrice, Karl osv).
    Såg tilfeldigvis bloggen din fordi du hadde kommentert på ein blogg som eg også følger:)
    Britt Kirsti (Skagen heitte eg før)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...