torsdag 24. desember 2015

Advent 2015

Tenk at advent er over og jula er her!No er det tid for å senke skuldrene, ete god mat og berre kose seg. For vår del skal det gjerast i eigen heim med besøk av svigermor. I romjula blir det familiebesøk ulike stader. Ikkje berre skal me kose oss, me skal også minnast at Jesus kom til jord, som verdas frelsar. Budskapet som gjetarane på marka fekk høyre for over 2000 år sidan er like aktuelt i dag. I ei verd med mykje uro og krig treng me meir enn nokon gong å sleppe Jesus inn i livet vårt, med all den glede og fred som Han ber med seg. 


Planen om å blogge oftare vart brått stoppa av datatrøbbel. Istaden blir det eit bilderas frå nokre av stundene me fekk denne adventstida. 

Me lager marsipansnop




Denne aktiviteten passa fint for 2 åringen vår og. Her i djup konsentrasjon med å feste klistremerker på syltetøyglas.






13.des LUSSEKATTER!






Grautfest med vennefamiliar. Ungane pyntar pepperkakehjarte med melis og nonstop.


Julegave-eske utdeling. Dette håpar me blir ein ny tradisjon. Det er større glede ved å gi enn å få ♥



På besøk hos Anny, ei kjær dame me er så heldig å få kjenne.

Bittelille-julafta. Så var det tid for juletrepynting. 



Sara fekk sette på stjerna,



Eg vil med dette ynskja alle de som er innom ei riktig GOD JUL!

søndag 13. desember 2015

Sjå han smiler!


Det er fantastisk når veslegutt smiler. No gjer han det ofte og medviten. Det smelter hjarta og ein kan ikkje anna enn å respondere med å løfte han opp, trykke han godt inntil seg og kjenne den gode babyhuden inntil sin. For ei glede desse små gir. Guds gode gåve til oss.
Det aller fyrste smilet eg fekk i frå Svein var då han var 3 veker.


Svein 2,5 mnd


DET STØRSTE MYSTERIUM

Det største mysterium er ikke mer 
enn det: at en ørliten kropp 
er våknet til jorden. Den nyfødte ser. 
To luker i himlen går opp. 
Selv femtrinns-raketter og kjernefysikk 
blir puslingers puslespill, 
når det nyfødte barn med et eneste blikk 
beviser at Gud er til.
 Andrè Bjerke


Med dette vakre diktet vil eg ynskja deg som er innom bloggen ein fortsatt god dag.

Kristina

torsdag 10. desember 2015

Ungane sin julekrok

Bli med inn i biblioteket vårt!
Det som før var eit lukka kontor med dør i frå gongen og utan vindu, har no blitt ein del av stova vår. Me slo ned veggen i frå stova og inn til kontoret og resultatet har blitt eit bibliotek/kontor som ein integrert del av stova. Der døra før var settte me inn eit ca 100 år gamalt vindu.





Tildaengelen kom ein dag med beskjed til ungane (les dei to forrige innlegga mine) om at det var komen fram julehefter, julebøker og julefilmar inne på på dette rommet. Eg satte inn ei expedithylle frå Ikea og satte alt fint fram.






Å kor dei har kost seg med dette i dagane etter. Så fort dei har fått anledning har dei funne seg eit julehefte eller ei julebok og satt seg godt tilrette for å lese. Dette gjeld særleg dei to eldste. 

I bokhylla over julebøkene rydda eg plass til zinkhus og ei lyslenke. Her skal ungane få sette alt dei lagar sjølv av julepynt på skulen og heima. No er det komen små raude nissar rundt husa, og eitpar krybber med Jesusbarnet i. Salig blanding med andre ord. Dette er mitt lille tips til småbarnsmødre som er opptatt av å ha det fint; samle barna sine julekreasjonar på ein eller to plassar. Så får dei pynte opp og bli verdsatt utan at det treng å prege heile huset. Det må jo seiast at eindel av det ungane lagar er meir sjarmerande enn fint. Misforstå meg rett :)

Meir av "biblioteket" vårt på bildet under. Bildet er tatt i frå stova. Massevis av bøker seier du ja! Eg har ein lesehest av ein mann. Me trålar bruktbutikkar ilag, han på jakt etter bøker og eg på jakt etter fine skattar til interiøret. Alle barnebøkene har og fått plass her. Dei er plassert i hjørnehylla. Ser du det svarte huset som står der i hjørna? Her har ungane laga si eiga julekrybbe. Skal prøve å få vist det i eit eige innlegg.




Ynskjer deg og dine gode førjulsdagar. Eg er snart tilbake med nye innlegg, imellomtida må du ta vare på deg sjølv og hugse å ta deg tid til å la freden senke seg innimellom.

Kristina









tirsdag 8. desember 2015

Kommentar til forrige innlegg

Det er ikkje berre rosenraudt med aktivitetskalender. Medaljen har ei bakside. Dess meir eg tenkjer på det dess meir blir eg klar over det, og eg kjente derfor for å dele tankane her.

Utfordringane eg opplever med aktivitetskalender er at det fort blir for høge forventningar frå ungane på kva neste aktivitet er. Eg opplever at dei mellomstore ungane her i huset kan reagere med skuffelse dersom det ikkje var noko dei hadde så lyst til. Ikkje alt appelerer like mykje til alle, og dermed kan det fort bli litt sure miner. Det merkar eg igjen legg litt press på meg, for eg vil jo gjerne at alle skal synast det er kjekt det me skal gjere. Planlagde aktivitetar gjer at ein får gjort det ein ønskjer å få gjort, derimot kan det vere vel så koseleg med spontane påfunn. Dersom det ikkje blir annonsert på førehand kva me skal gjere denne dagen, kan gleda bli større over det ein finn på ilag. Kanskje. Om eg berre klarar å vera strukturert og motivert nok til å gjennomføre aktivitetane sjølv utan å ha ein kalender på det. For det er jo ikkje tvil om at det å gjere kjekke ting ilag betyr mykje for ungane. Litt ambivalent her som de skjønar ;) 

Eg skulle ønske at ungane mine var såpass takksame og modne at dei kunne glede seg over det som skal skje kvar dag, men her har eg visst ein jobb å gjere. Eg skal sjå vidare korleis det fungerer resten av adventstida, men det er godt mogleg eg vil gjere det annleis neste år. Tildaengelen må få bli med oss, men då kan det hende ho kjem med noko anna i eska si enn beskjedar om kva aktivitet me skal gjere i dag.

Bilete er frå tidleg ein morgon no i desember. Aktiviteten denne dagen var å fargelegge eit julemønster med nye tusjar dei hadde fått.




mandag 7. desember 2015

Adventskalender 2015

For nokre år tilbake sydde eg denne Tilda engelen. Ved å sy på 24 ruter vart det ein kalender engel. Frå 1. til 24.desember kjem engelen med beskjedar i eska si som ungane kvar morgon byter på å lese opp. Det kan t.d vera at me skal baka, eller lage julepynt, eller gå og sjå på pepperkakebyen. Aktivitetskalender med andre ord. Det er ikkje fritt for at det avogtil snik seg inn ein liten sjokolade til kvar av ungane istadenfor ein lapp med beskjed. Det blir løysinga på ekstra travle dagar.





Det er er kjekt med ein kalender som ein tar fram år etter år og som ungane hugsar og gledar seg til. Eg brukar om att all julepynt og kjøper lite nytt. Hugsar sjølv kor stas det var som lita jente å finne fram den same adventsstaken, den same stjerna og dei same figurane år etter år. Barn knytter minner til gjenstander og likar godt det som er kjent.  
Når det gjeld Tilda-englar så har eg først kjøpt eit ferdig kit med alt eg trong for å sy ein engel. Deretter bestilte eg meir Tilda hudstoff (det er ikkje lett å finne noko anna liknande stoff som egnar seg), for så å kunne sy mange fleire englar til ein mykje billegare penge. Tilda hår kjøpte eg og utanom, ellers brukar eg andre stoff eg har til kjolar og vengjer. Då kan ein sy mange englar utan at det blir så dyrt. Dette er fine gåver å gi bort.





I kveld har eg og to av gutane vore på juleavslutning for Jonas. Me fekk sjå flott teaterframstilling framført av ungane og eg vart reint rørt over kor flinke dei var. Alt hadde dei lært utenat enda dei berre går i 2.klasse.

Det er ei tid med eindel på programmet for oss med små barn. La oss ikkje gløyme å det viktigaste av alt, Han som tok på seg ein menneskes skikkelse og kom til jorda vår. Jesus, Guds son, vår frelsar som vart fødd i ein stall. Han lever og er nær, om me berre tar oss tid til å høyre etter. Meg og mannen min snakkar eindel om korleis me kan få meir fokus på juleevangeliet og hovedpersonen Jesus i julefeiringa vår. I ei tid der kristendommen får mindre og mindre plass treng me å løfte budskapet fram meir enn nokon gong. Som englane sa til hyrdene på marka "sjå! eg forkynner dykk ei stor glede", på samme måte klinger Jesu budskap i dag. "Kom til meg de som strevar og har tungt å bære". Den freden og gleda det følgjer med å ha Jesus i hjarta kan ikkje forklarast. Eg er så takksam til Gud for alt Han er for meg. "My rock and my salvation".



La oss ta tid til det viktigaste og la det mindre viktige kome i andre rekke. 

Jula handlar og om tid saman til å gjere koselege ting. Då er denne typen kalender der ein finn på ulike aktivitetar ei hjelp til å få gjort det ein har lyst til. Eindel av det me gjer ilag her hos oss ville me gjort uansett, men ein slik kalender pressar meg litt til å finne på enda litt meir ilag. Eg har skrive ei lita liste som ein slags "idè bank" med forslag til aktivitetar. Her er nokre av dei: Lage julamann, lage pepperkaker, pynte pepperkaker, dryppe lys, ta turen i badebasseng, sjå julefilm ilag, lommelykt tur i skogen, lage julepynt, lage julesnop (marsipan, karamellar mm). 

Har du andre forslag til kjekke ting å finne på? Legg gjerne igjen ein kommentar.

Be blessed ♥










søndag 6. desember 2015

Namnevalg og oppattkalling


Her er vesle Svein, 2 mnd gamal. Tenkte eg ville dele litt om bakgrunnen for namnet me har valgt til gullet vårt. Han er altså fjerde gutten i rekka og medan dei fire andre har namn som me valgte fordi me syntes dei var dei mest fine og passande namna me kunne kome på, er det litt annleis med namnevalget denne gongen. Svein er nemleg oppattkalla etter farfaren sin, som no ikkje er iblant oss lenger. Me synest det er fint at namnet hans får leve vidare, saman med minnene av ein kjær farfar, pappa og svigerfar. Svein blir derfor namnet på vårt siste tilskudd, og det kjennes så rett. Litt uvanleg på små gutar, men det er eit enkelt og tradisjonsrikt namn. Det var litt uvant for meg i byrjinga, men no likar eg det betre og betre :) Kanskje er det også ein ny trend på veg inn med å bruke meir norske tradisjonelle namn? Sigrid, Aud, Åsmund, Amund er døme på namn eg har høyrd på nyfødde i det siste, så eg gjorde meg berre tankar kring dette, men utan rett til å sei noko sikkert om det. Trend er uansett ikkje bakgrunnen for vårt namnevalg, men kva trur dåke, er det ein ny namnetrend på veg inn?





Go`guten vår Svein. 
Svein tyder gutt/ung mann.





Svein saman med storesøster Sara.

Dei andre gutane våre heiter Jonas, Benjamin og Mikael.



Me bloggast


onsdag 2. desember 2015

Ein ny veslebror

Gleda er stor! Me har fått ein liten gut til ♥
Han kom tilverda 25.sept og alt har gått fint med fødselen og tida etterpå.
Me gledar oss stort over denne verdifulle skatten me har fått inn i familien vår. For oss er han ikkje berre ein i rekka, nei, han er like betydningsfull for oss som dei andre fire me er blitt velsigna med. Eigen personlegdom, eigne kvalitetar (som vil kome meir tilsyne etterkvart)  ogein heilt eigen plass i familien Johannesen.

Velkomen til verda gode litle Svein!

Stolte storesysken får halde veslebror då dei besøkte oss på føden.









Det blir mykje kos med så mange i familien som vil vise Svein merksemd. No er Svein vel 2 mnd og han har forandra seg mykje sidan desse bileta vart tatt. Det gjeld verkeleg å nyte dagane og tida med han, for det går som kjent alt for fort. Litt godt er det jo at han veks og, for akkurat nattevåk er ikkje det aller kjekkaste. Han har hatt litt trøbbel med magen, men det byrjar heldigvis å gå seg litt til. Me har fokus på å ha gode dagar ilag og senker krava litt til alt anna som må/bør gjerast. Hovedfokuset mitt er å ta meg av ungane og skapa gode stunder ilag no i denne koselege adventstida.  


Meg og den fine gjengen min. Stolte storesysken er med å ser når Svein (1dag) får ny bleie.


Ynskjer deg gode adventdagar og takk for at du kikka innom ;)


(Det tok lenger tid enn eg ville å få oppdatert med nytt innlegg. Dette grunna litt datatrøbbel, men no håpar eg å få vore litt meir aktiv på bloggen. Så får me sjå om tida strekk til ;))

torsdag 5. november 2015

Legge ned bloggen?

Nei eg vil ikkje det. Etter ein lang bloggepause er eg no tilbake igjen.


Min kjære familie. Mamma, pappa og mine 4 flotte og fantastiske sysken. Frå venstre: Jan Håkon, meg, Synnøve, mamma og pappa, Helene og Ingvild. Eg er eldst og Jan Håkon og Ingvild, som er tvillingar, er yngst. Tatt på 30 årsdagen min.


Mykje har skjedd sidan forrige innlegg der eg fortalte at me var blitt fosterheim til to jenter. Etter 13 mnd vart oppdraget vårt som fosterfamilie til desse to fine jentene avslutta. Eg tenkjer ikkje å gå så mykje inn på årsaka til det her, men eg kan kort oppsummere dette året med nokre få ord: Minnerikt, utfordrande, travelt og altoppslukande. Det er eit år me aldri kjem til å gløyme, og det er to jenter som har fått ein spesiell plass i hjartene våre.

Her var eg mamma til 1! Mi søte Sara`mor, som no er blitt 10 år.

Dei som har lese OM MEG i høgre kollonne ser at eg er mamma til 5, og det stemmer. Me har fått ein liten skatt til inn i familien vår sidan sist. Meir om det i neste innlegg :)


Eit vers til slutt (på bokmål, for akkuratt Bibelen er eg mest vant med på det målet).
"Jeg makter alt i Kristus, Han som styrker meg."  Filliperbrevet 4,13

onsdag 11. juni 2014

The eigth of us

Tida fyk og me er alt komen godt ut i juni. Tenkte eg ville dele eit bilete av oss oss og den fine barneflokken vår.





6 barn mellom 0 og 9 år. Me har lite tid til å kjede oss :) Dagane er innhaldsrike og fyllt av masse gode øyeblikk, men kan sjølvsagt også vere slitsame og krevande. Me synest me lærer mykje om oss sjølve og mellommenneskelege relasjonar gjennom vår nye livssituasjon. Mange behov skal ivaretakast, og ikkje minst skal me sørge for at våre 4 biologiske har det greit oppi alt. Eg og Ørjan er nødt til å stå saman og vere trygge vaksne. Me arbeider i team som aldri før. Eg er heldig som har verdens beste samarbeidspartnar. Og med Gud på laget blir tråden tretvinna og sterk. Utan Han hadde me ikkje klart det. I vår svakhet kjem Hans styrke oss til del. Han gir oss ord i rette tid som er med å gi oss pågongsmot, og han sender mennesker i vår veg som gir oss nytt pågongsmot. Ikkje minst så frir han meg frå materialisme gjennom oppgåva me no står i som fosterforeldre. Det har eg ikkje tid til å tenke på ein gong. Eg kjenner det befriande. Interiør skiftar, og om 10 år er det ut det som er inn i dag. Er det då verdt å bruke mykje tid og pengar på dei tinga? Eg vil alltid kome til å like å ha det fint rundt meg, men det skal ikkje få eiga hjarta mitt. Borna våre, og dei rundt oss er mykje meir verdifulle. Menneskesjeler er verdt meir enn alt. Jesus viste oss det så tydeleg då han levde på jorda. Han løfta opp dei som låg nede og brukte tid saman med dei som alle andre skubba vekk. Bruk tida di på noko som er verdifullt. Noko som varer og som har betydning for andre mennesker. Det er det som til sist gir den indre roen og gleda i livet som alle eigentleg ynskjer seg.




No har ein liten skrott vakna etter kvilen sin og eg må lukke att pc-en for denne gong. Eg kikkar stadig inn til dåke andre fine bloggarar, men dessverre blir det lite av kommentering.

Ynskjer alle ein nydeleg fin sommar :)

tirsdag 18. mars 2014

Ei ny tid

Her kjem ei lita oppdatering i frå oss. Det er gått fleire månadar sidan forrige blogginnlegg og det er derfor kjanskje på tide å seie litt om ståa. Det har skjedd store forandringar i familien vår etter jul. Me er nemleg blitt fosterforeldre! To skjønne jenter på 7 år er blitt eindel av familien vår. Dei er tvillingar, men likevel veldig ulike. Kvar sin personlegdom, kvar sine kvalitetar og kvar sine utfordringar. Me har kjent jentene sidan dei var fødd og me er veldig glad i dei.

6 barn! Ja, det kan virke overveldande. Det har vore ei stor overgang, det er ikkje til å legge skjul på. Men ved Guds nåde og hjelp går det bra. Ørjan, mannen min, har redusert stillingen sin og er mykje heime. Det trengst. Særleg om morgonen vekedagar og ved kveldsstell er det nødvendig å vere to vaksne. Alle seks treng nærleik, tryggleik og omsorg, i tillegg til praktisk hjelp. Me prøver å få det til slik at alle får litt aleinetid med oss. Mykje skal på plass, både praktisk og i forhold til rutinar. Struktur er heilt nødvendig. Me må vere i forkant av ting heile tida. Lage istand nister, kle og sekkar dagen i forvegen. Ved hjelp av gode rutinar morgon og kveld sklir dagane betre. Det merkar me godt.

Det er 3 veker sidan familieforaukelsen og enno er mykje ikkje komen på plass. Me har opna opp til leiligheten og fått mykje betre plass, noko eg set stor pris på. opninga har ført med seg arbeid og eindel står uferdig. Det er travle dagar og helst skulle døgeret hatt fleire timar.  Mannen min sa det veldig fint: "Me har lite tid til unyttige ting fortida". No er det ei tid for å prioritere borna og heimen. Me jobbar med å finne gode måtar å gjere ting på. Det inneber meir struktur i form av faste tider for måltid, liste for kva som skal gjerast før frukost, fast dag for handling etc. Me har f. eks skrive ned 2 handlelister på data. Den eine kallar me standardliste og er ei liste for varer me må handle kvar veke. Den andre er ei lagerliste og inneheld mat og andre husholdningsvarer som me kan handle inn i stort og ha ståande.

Strukstur, orden og rutinar er heilt nødvendig, men utan omsorg og kjærleik blir det ikkje noko god frukt. Me kjenner oss avhengig av Gud i denne nye situasjonen me er komen i. Berre Han kan gi oss den styrken, tolmodet og kjærleiken me treng for å gi våre 6 skattar det dei treng. Kan me klare å ivareta alle 6 sine behov? Dette er det store spørsmålet som det gjenstår å sjå svaret på. Det er nok av ting å bekymre og uroe seg over. Då er det viktig å halde fokuset på det som er viktig. Gi borna det dei treng av emosjonell og materiell omsorg, så vil fruktene og resultata koma seinare.

Kristina

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...